lørdag 26. desember 2009

Juledag nr 2

Då er gåvene pakka ut, og eg kan vise fram noko av det som eg fekk laga.

Nyaste nevø fekk ei jakke strikka i mjuke Easy frå Sandnes. Mønsteret er Baby Sophisticate.

DSCF1755

DSCF1756

Eit slips høyrer vel også med til sofistikerte antrekk, så det fekk han på ein body.

DSCF1760

Og no kjem eg sjølvsagt på at eg gløymde å ta bilete av R2 D2 (Star Wars)-hua eg strikka. Kanskje mottakaren kan sende meg eit bilete seinare?

Også nokre andre huer blei gåver, men dei har eg vist fram før.

Meir rakk eg visst ikkje å lage denne gongen…

Og no i romjula burde eg verkeleg sette meg ned med bunadskjortabroderinga mi, for der er eg svært på etterskot (etter kursskjema)… Men kva gjer eg? Eg startar på ei ny strikkajakke i staden…Huff då….

-------------------------------------

No I can show you some of the presents I made.

The jacket is the present for my newest nephew. The pattern is Baby Sophisticate. To be properly dressed he needs a tie too…

I also knitted a R2 D2 hat, forgot to take a photo of that before I sent it away.

2 kommentarer:

  1. ..god jul til dere også..så heldig lille Elias med flott trøye og slips.....og vår Elias hadde nok gjerne villet ha R2 D2-lue..oppskrift???

    SvarSlett
  2. Og Elias (og mamman) er svært fornøgd med gåva frå tante Solveig! Tusen takk, nydeleg er det!

    Gry

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails