søndag 22. november 2009

Ikkje stort…

Eg har kjøpt meg ein ny stol…

DSCF1456

Og nei, han var faktisk ikkje særleg dyr…

Men så er han ikkje så god å sitte i heller – for meg…

DSCF1455

Rett og slett ein miniatyr-desogner-stol. Som eg ikkje kunne motså då eg fann slike på ein nettbutikk.

DSCF1569

Ja, no trur du kanskje eg har tatt bilde av laurdagshandelen min. Men det er det ikkje…

DSCF1571

Ikkje så mykje mat å få ut av desse pakkane. Dei har eg rett og slett laga av papir og tusj ein gong for nokre år sidan.

Eg har alltid vore fascinert av miniatyrar, og dokkehus har eg alltid ønska meg. Det nærmaste eg kom det var dokkehusa vi laga av skoøsker heime hos farmor i sommarferiar. Vi laga møbler og slikt av papir og tomme øsker vi fann. Trur forresten det å lage ting til og ordne inne i dokkehusa var det mest spennande.

Og då må ein sjølvsagt prøve å lage miniutgåver av ting i kjøkkekskapet også.

Eg har bestemt meg for å skaffe meg eit skikkeleg dokkehus ein gong. Ser ute på det store nettet at dokkehus er stor industri.

yhst4107290884353_2075_8032594504 interior4

Sid Cooke Silver Jubilee

Kanskje eit som dette over her, eller blir det for stort?

På leikemuseum i London brukte eg lang tid framfor dokkehusa.

16521large5

Amy Mill’s house – Museum of Childhood

Dette er dokkehuset til Queen Mary som står på museum i Windsor. Det har alle slags tekniske finessar. Elektrisk lys og heis som virkar, og sjølvsagt innlagt vatn og toalett som kan skylle ned.

Queen_Marys_doll_house_at_Windsor_Ca[1]

Her kan du sjå fleire interiørbilder frå huset.

Eg trur eg satsar på eit litt enklare hus. Har starta å samle på møblar i alle fall…

Og det blir sikkert fleire designerstolar på meg også.

-------

I have allways been fascinated by miniatures and dolls houses. I didn’t have a real dolls house when I was little, but remember making small room out of empty shoe boxes. The most fun part of that was making furniture and other things for the house. I still enjoy making minitures.

I will make a doll house for myself sometime, I have started collecting furniture.

And I my have started a little collection of designer chairs too…

3 kommentarer:

  1. Hihi, fantastiske miniatyrting! Morsomt innlegg :)

    SvarSlett
  2. Jeg husker godt jeg fikk dokkehus av bestefar som han hadde laga. Der var det visst også innlagt lys i begynnelsen (men det skjedde ett eller anna som gjorde at de ikke virka etter ganske kort tid, trur jeg). Og han hadde laga møbler og diverse... Og så hadde mamma ein kollega som stakk til meg et og anna - husker bl.a. jeg fikk ein do ;-) Ja, det var stas, og det var tider... Trur nok ikke det blir noe dokkehus på meg på ei stund, men du får ha lykke til med jakten!

    SvarSlett
  3. Imponerende miniatyrer, jeg syns de var veldig flotte :) Regner med at det tok litt tid å få dem så like originalene!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails