mandag 2. februar 2009

Ferdig med januar

Då er tann nr 28 ute. Den kom ut utan for store protestar. Så no et eg mjuk mat i nokre dagar. Og sidan det stod på lappen at eg skal unngå større fysiske anstrengelser det første døgnet, så slappar eg av med pc og strikking.

Eg har visst eit nytt prosjekt på veg. Dette skal vare heile året. Eg blei med i ei gruppe på Ravelry der ein skal hekle ein ny lapp kvar månad. Eg har ein del smart-garn liggande (i mange fargar så klart), og med det og heklenål nr 5 blei det ein ganske stor lapp (23 cm). Eg må nok lage eit par av kvar månadslapp skal det bli eit litt større teppe. Me får sjå. Dette er januar-lappen:

2009_02010042

Vil de vere med på prøve å vinne bakeutstyr? The Crafty Crow har “giveaway monday” og deler ut eit gåvekort på $50 frå Bake It Pretty. BIT har utruleg mange artige ting til baking og pynting og pakking. Eg har også handla der ein gong. (Og leitar de gjennom bilda i galleriet der finn de bilde av snømann-muffinsane vi laga i jula.)

De bør også kikke litt rundt på The Crafty Crow. Der finn de mange idear til kreative prosjekt med born.

All went well at the dentist today. The tooth is out and I’m eating soft food :)

I’ve joined the 12” Crochet Block-A-Month CAL Group over at Ravelry. This is the January block. I’m using stash yarn in different colours.

If you like baking you should visit The Crafty Crow . They have a giveaway this week and you can win a gift sertificate from Bake It Pretty.

PS!

Mønsteret til lappen heiter Mandala og de finn det her.

The square is called Mandala, and you can find the pattern here.

2 kommentarer:

  1. Flott lapp, og smart prosjekt. Blir det teppe på et år, eller er det et flerårsprosjekt? Artig uansett.

    SvarSlett
  2. I like this square, is it your own pattern?

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails