mandag 10. november 2008

Ny veke - og ein vinnar

Internettoppkoblinga virka ikkje i går, så no prøvar eg frå jobb. Spent på om ting virkar i dag når eg kjem heim.
Etter favorittkvelden blei det ei roleg helg. Ei lita forkjøling og dårleg ver gjorde at det blei mest inneliv.
Men eg fekk trekt ein vinnar av 200-innleggs-overraskinga mi. Det blei Tove. Gratulerer til deg, snart kjem det noko i posten.
Takk til alle som kommenterte då og ellers (eg sett veldig pris på alle kommentarar).
I kveld er det korøving, og øving på julekonsertmateriale. Det blir nok mest Bach tenker eg. Vi skal synge ein sats frå juleoriatoriet og den gjekk fort og på tysk.
Lurar på om eg har stykke på ein cd ein plass... Berre eg kunne hugse kvar eg la julecd-ane då eg rydda dei vekk i januar... (Utruleg at eg kan klare å gøyme ting så godt på mi lille stove!)
Eg fekk gjort litt handarbeid i helga også. Prøver veldig hardt å prioritere julegåvene no, men som det alltid er når ting bør bli ferdig snart - altfor mange andre idéar dukkar opp.
Så då gjeld det å oversjå impulsen til å begynne på noko nytt.
Ha ein fin mandagskveld.
(Bilder frå Dover)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails