søndag 2. mars 2008

Fram og litt tilbake

Ikkje så mykje framgang å rapportere på strikkefronten :( Eg var halvvegs i flettemønsteret då eg kunne prøve jakka på - og såg då at den kom til å bli for kort. Eg har litt for lang rygg...

Og sidan eg ikkje vil ha ei (altfor) kort jakke, var det ikkje noko anna å gjere enn å rekke opp eit stykke. Strikka bolen 5-6 cm lengre - håpar det er nok. No er alle delar på pinnen igjen. Eg vurdere også å gjere nokre endringar på flettedelen. Den blir litt stram, så eg lurer på å strikke to fleire rapportar med flettemønster. Flettemønsteret var forresten ikkje vanskeleg i det heile tatt. Det berre ser komplisert ut. Eg er glad i å telle, så dette var noko for meg. Eg klarte også å sjå med ein gong når eg hadde gjort feil, så det gjekk ganske fort.

Tok ei pause frå strikkinga i dag og kutta opp rektangel til raud/turkis/blå-teppet mitt.
Kan også slenge med nokre bilder frå ein tur rundt i byen i går. Faktisk fint ver, sjølv om vinden var kald.
Not much progress on the knitting front. I was halfway into the cable pattern when I tried on the jacket - and discovered it was going to be shorter than i like. (My back is too long). So I decided to frog. I knitted the bodypart longer and now I have all the parts back on my needle. I rather enjoyed the cable pattern. It looks so complicated, but it isn't. I like to count so this suits me. I made a mistake a couple of times, but I spotted that right away.

I took a brake from the knitting today to cut up squares for my red/blue quilt.

Went for a walk aroung town yesterday. The weather was nice.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails