mandag 3. august 2015

Trekantpute

Oppskrifta har vore her på engelsk ei god stund, men eg har vist gløymt å legge ut norsk versjon. Her kjem den:

14

Du treng:

Litt over 200 gram ullgarn i dei fargane du ønskjer. Eg har brukt forskjellig restegarn som f eks Smart (Sandnes), Falk (Dale).

Heklenål 4 mm

5 knappar (ca 15 mm i diam.)

Oppskrifta er for ei 40 x 40 cm pute. Framsida på puta er laga av 24 store trekantar og 6 mindre («halve»). Trekantane er sydd saman. Baksida er hekla i to delar.

La endene vere lange når du heklar trekantane (minst 25 cm). Du brukar endane til å sy saman trekantane.

1

Trekant – Lag 24 stk

* Du aukar i starten av kvar rad med å hekle 2 st i første m (3 lm + 1 st). Dei tre luftmaskene i starten av kvar rad = første stav.

1. rad: 4 lm, 1 st i første lm.

2. rad: 3 lm (=1 st), 1 st i første m (sjå pil i bilde 1), 1 st. (3 st)

1

3. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st i kvar st. (4 st)

4. rad: 3 lm, 1 st i første m og i kvar st resten av rad. (5 st)

5. – 12. rad: Fortsett på samme måte, med auking i starten av kvar rad. I 12. rad har du 13 st.

2

«Halv» trekant – lag 6 stk

Dei «halve» trekantane har auking berre på eine sida.

1. rad: 4 lm, 1 st i første lm. (2 st)

2. rad: 3 lm (=1 st), 1 st i første m, 1 st. (3 st)

3. rad: 3 lm, 1 st i neste m, 1 st. (3 st)

4. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st kvar st resten av rad. (4 st)

5. rad: 3 lm, 1 st i neste m og kvar st resten av rad. (4 st)

6. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st i kvar st resten av rad. (5 st)

7. rad: 3 lm, 1 st i neste m og kvar st resten av rad. (5 st)

8. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st i kvar st resten av rad. (6 st)

9. rad: 3 lm, 1 st i neste m og kvar st resten av rad. (6 st)

10. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st i kvar st resten av rad. (7 st)

11. rad: 3 lm, 1 st i neste m og kvar st resten av rad. (7 st)

12. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st i kvar st resten av rad. (8 st)

* Diagram for trekantane finn du nederst her.

6

Bakside:

Baksida består av del 1 (med striper og knappehol) og del 2 (einsfarga) [Bilde 4]

Del 1: Det beste er å starte med ein "foundation row" og lage 70 stavar. Då heklar ein luftmasker og første rad med stavar samtidig = mykje meir elastisk. Sjå You tube-video her.

2. – 4. rad: 3 lm (=1 st), 1 st i kvar st ut rada. (70 st)

5. rad: (Stripe i annan farge) 3 lm (=1 st), 1 st i kvar st ut rada. (70 st)

Fortsett på samme måte med 4 kvite rader og 1 rad i annan farge, heilt til du har hekla 30 rader.

31. rad: (Knapphol-rad) 1 lm, 8 fm, * 2 lm, hopp over 1 m, 9 fm * 2 gongar, 2 lm, hopp over 1 m, 10 fm, * 2 lm, hopp over 1 m, 9 fm * 3 gonger.

32. rad: 1 lm, fm i alle fm frå rad 31, 2 fm i alle lm-boger.

Del 2: Heklast som del 1, men i berre ein farge og i kun 10 rader.

3

Montering:

Pusle saman trekantane på framsida i det mønsteret du vil ha.

4

Sy saman med endane.

Legg forside og bakside saman med rettsida ut. Baksidedelane er laga slik at du får overlapping. 5 av rader på del 2 skal ligge under del 1. Pass på at radene på fram- og bakside er på same stad.

9

Bruk bunnfargen til å hekle saman delane, frå framsida. Hekle 1 fm i kvar st på topp og bunn, og 2 fm i kvar rad på sidene. (I dei fem radene som del 1 og del 2 på bakstykket overlappar vil du hekle gjennom 3 lag.)

10

Du kan også velge å sy saman delane dersom dulikar det best.

Etter samanheklinga med fm kan du hekle ei rad med krepsemasker. Krepsemasker er fastmasker som heklast baklengs – frå venstre mot høgre.

13

Sy i knappar på del 2.

Damp putetrekket til slutt.

trianglehalf-triangle

torsdag 30. juli 2015

Julihekling

Juli har som kjent vore våt og kjølig her hos oss. Eg har ikkje vore på store turar i år, og derfor har det vore god tid til hekling (og litt strikking).

July has been wet and cold, so since I have mostly been at home, I've had plenty of time to crochet. (And some knitting)

11264868_1440655599593634_1507286527_n

Denne ruta "Rustic Lace Square" sukkar stadig opp i Instagramfeeden min. Måtte berre prøve mønsteret til slutt… Fekk laga 2,5 ruter før neste prosjekt dukka opp…

Mønsteret finst gratis mange stader m.a. her. 

The rustic lace square keeps popping up in my Instagram feed. So many lovely projects! I just had to try it. I made 2,5 squares before next project got started…

You can find the pattern many places, here's one.

11417255_146794372318819_1106583376_n

"Sophie's universe" er eit anna mønster eg har beundra ei stund. Eg reiste på hyttetur ei helg, og då passa det godt å prøve det også. Det var ganske vanedannande – og hadde mange nye masker å lære – så det har eg kome litt lenger på.

Mønsteret kjem i 21 leksjonar. Teppe har i utg.punktet 113 runder. Og mønsteret ligg gratis her.

11311240_492346104253309_2113617629_n

Sophie's universe is another pattern I just had to try. It's really addictive and fun. I'm now on row 53 (of 113). You can find the pattern here.

11311205_506023596221117_971702098_n

11326541_887404908019249_1353149380_n

Last crochet project in July is making a new triangle pillow. My own pattern.

11379349_961975187188005_789120398_n

I hope your summer has been good, and warmer than the Norwegian summer Smilefjes

11419123_861414483946208_891854303_n

mandag 29. juni 2015

Rhododendron og låge skyer

Ikkje så mykje å skryte av, sommaren så langt. Vi jublar kvar gong sola visar seg og trur at no vert det betre. Men så kjem skyene attende…

IMG_2156

Kan bli ein god strikke-med-ull-sommar dette.

IMG_2157

Men gras og blomstrar veks, sjølv om dei også trivast best med sol. Og stemorsblomstarne eg planta ut til påske er stadig like fine. Akkurat no er rhododendronen min på det flottaste. Synest denne mørkerosa fargen er så fin.

Kjem sikkert attende med litt strikkenytt etterkvart Smilefjes

IMG_2159

The clouds are hanging low again today. The summer so far has not been much to talk about. So cold and wet. Still, every time the sun comes out we think now it's starting! And then the clouds come back…

It will be a good summer for crafting with wool Smilefjes

But in my garden things happen. I love the colour of my rhododendron!

mandag 8. juni 2015

Singerheimen

IMG_1977

30. mai slo vi følge med Volda husflidslag og besøkte dette huset, Singerheimen i Olden.  Her fekk vi lunsj og omvisning. Eg elskar hus med historie og her var det mykje å hente.

Dette var sommarhuset til William Henry Singer Jr og kona Anna Spencer.

SInger var stålarving og kunstnar, og kona elska fargar, blomar og mønster. Huset er fylt med møblar i jugendstil, handlaga i London og handmala i Paris.

Les meir om historien på nettsida.

Her kjem det litt bilder:)

IMG_1981

IMG_1982

IMG_1983

IMG_1990

IMG_1995

IMG_1999

IMG_2004

IMG_2009

IMG_2010

IMG_2011

IMG_2019

IMG_2029

IMG_2027b

IMG_2028b

Fru Singer skulle alltid ha ein klatt nykjerna smør til frukosten sin, så då brukte dei vel denne mini-kinna.

IMG_2033

IMG_2038

I visited this lovely house recently. It was the summerhome to the artist William Henry Singer Jr and his wife.

I love houses with a history :)

Read more about the house and the Singer's here.

tirsdag 26. mai 2015

Konfirmasjonsteppe

I helga var det konfirmasjon i storfamilien igjen. Eg har som mål at å lage konfirmasjonsgåvene, så då var det berre å ta fatt. I vår var det mykje som hende, så eg rakk ikkje å starte på teppet før for 4 veker sidan. Men med full konsentrasjon om eitt prosjekt og nokre kveldar på sofaen, rakk eg faktisk å bli ferdig i tide. Ny rekord kanskje.

IMG_20150425_194821[1]

Eg tok utgangspunkt i Flowers in the snow-mønsteret mitt. Nokre av sirklane fekk ein variasjon på andre runde.

2

192 sirklar vart hekla før det var tid for samanhekling.

3

4

Skulle bruke samanhengande samanhekling, så alle sirklane vart lagt i rett rekkefølge og så tredd på ei snor, slik at eg berre kunne plukke dei fram etter som eg hekla. Frykteleg grei måte, synest eg.

5

20150521_185957[1]

IMG_1913

Skal vise dykk meir om samanhengande samanhekling etterkvart.

IMG_1923b

I bilen på veg til Trøndelag om også kantborden på plass. Den blei ganske enkel.

IMG_1925b

IMG_1920

Strategiske mål og detaljar:

Garn: Karisma, Smart, Falk og noko anna. Heklenål: 4,5 mm

192 ruter, 142 X 104 cm (passe stort til sofakosen).

Vekt: 1265 gram. Farga garn: 672 g (sirklar) + 19 g (kant), 574 g kvitt garn (samanhekling + kant)

IMG_1929b

20150524_192351[1]

My niece had her confirmation this weekend. I wanted to make her gift. The spring has been busy, and I didn't have time to start her blanket before 4 weeks ago. But when I managed to stick to this one project it was time enough to get it finished.

I based it on my Flowers in the snow-pattern, but changed the 4th and last round. I also made a variation on the second round on some of the circles. And I now use the continuous join as you go (cjayg) as often as I can. When all the circles where joined and the border done I had only 30 ends to weave in.

I used wool, DK yarn – 4,5 mm hook

192 circles – finished blanket is 142 x 104 cm

Weight: 1265 grams, 691 grams coloured yarn, 574 grams white yarn

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails